Bomvegar

I Vågå kommune er det 2 kommunale bomvegar - Slådalsvegen og Blåhøvegen.
Bompasseringane blir no registrert med gjenkjenning av bilskilt. For å betale for passering, og sleppe fakturagebyr, kan du gjere innbetalinga di via https://passpay.no innan 48 timar etter passering. Går det over 48 timar, vil du få tilsendt faktura.

Har du spørsmål, kan du kontakte servicetorget i kommunen (mån - fre: 07.30 - 15.00) på tlf 61 29 36 00.

Grunneigarar innafor bomområda kan ta kontakt med servicetorget i kommunen for registrering av køyrety.

Desse vegane er opne berre om sumaren og blir ikkje brøytt før forholda tilseier det.

Det kan skje at vegane blir stengt om det er behov for opptørking eller det er sett i gang vegarbeid. 

Slådalsvegen

Slådalsvegen er ein fjellovergang og ein snarveg over til Lesja kommune. 
Denne vegen blir ofte opna fyrste måndagen etter 17. mai, alt etter korleis vinteren har vore og kor tørr vegbana er. Vegen blir stengt når snøen kjem. Melding blir lagt ut når vegen opnar og stenger.

Vegen er klassifisert i Statens vegvesen si vegliste som delvis BkT8/50 (Vågåsida) og BK10/50 (Lesjasida).

Prisliste Slådalsvegen

Prisliste Slådalsvegen
Type køyrety Enkelttur Sesongkort
Bil, motorsykkel, moped, ATV 100,- 1.000,- pr køyrety
Lastebil, traktor, buss 200,-

Blåhøvegen

Blåhøvegen er ein veg som ender på fjelltoppen Blåhø, 1615 moh og har ei fantastisk utsikt til alle kantar. Blåhø er det tredje høgaste fjellet i Norge med bilveg til toppen. Vegen har under gjennomsnittleg dårleg standard og det er ikkje anbefalt å køyre med låge bilar her.

Denne vegen blir brøytt opp til Vole til påska slik at bebuarane kan gå på ski og hangglider-entusiastane har moglegheit til å hoppe ut frå utsprangspunktet. Etter snøsmeltinga og vegen er blaut, blir den stengt og deretter opna att etter opptørking. Vegen blir stengt når snøen kjem.

Prisliste - Blåhøvegen

Prisliste - Blåhøvegen
Type køyrety Enkelttur Sesongkort
Bil, motorsykkel, moped, ATV 50,- 1.000,- pr køyrety
Lastebil, traktor, buss 100,-

 

Er det andre spørsmål om bomvegane kan desse rettast til Vågå kommune. Du kjem i kontakt med oss slik:

Telefon: 61 29 36 00

Epost: postmottak@vaga.kommune.no

Post:
Vågå kommune
Edvard Storms veg 2
2680 Vågå