Avkøyring

Ønskjer du å etablere ny eller endre eksisterande avkøyring frå kommunal veg, må du sende inn søknad. Du kan gå fram på følgjande måte:

  1. Ta kontakt med vegansvarleg i kommunen for å drøfte korleis du har tenkt å utføre tiltaket
  2. Send inn søknad om avkøyring samen med vedlegg: bilete, situasjonsplan, kvittering for nabovarsel og informasjon gjeve i nabovarsel
  3. Vedtaket vert gjort av saksbehandlar og sendt tiltakshavar
  4. Før tiltaket fysisk kan settast i gang skal det sendast gravemelding. Sjå gravemelding for meir informasjon

Dette er i følgje «Plan – og bygningslova» § 27-4,  «veglova» §§ 40 – 43 og «forskrift om alminnelige regler om bygging og vedlikehold av avkjørsler fra offentlig veg».

Tenesta er gratis

 

Aktuelle skjema og informasjon

Skjema for søknad om avkøyring (PDF, 36 kB)

Situasjonskart

Kvittering for nabovarsel

Opplysningar gjeve i nabovarsel

Tekniske krav til utforming av private avkøyringar frå kommunal veg (PDF, 581 kB)


Søknad med vedlegg skal sendast:

Vågå kommune
Edvard Storms veg 2
2680 Vågå
Merk med "veg"

Eller e-post: postmottak@vaga.kommune.no