Vaktmeister - reinhald - grøntanleggKontaktpersonar: Kåre Frydenlund, avdelingsleiar kommunale bygg Egil Kveen, leiande vaktmeister Tea Myrum, leiande reinhaldar Vaktmeistertenesten Skal-/primæroppgåver: Syta for funksjonelle bygg og anlegg, samt syta for sikker og god tilkomst til ein kvar tid. Dette inneber dagleg/periodisk vedlikehald av bygget, tilsyn med ventilasjonsanlegg, varmeanlegg, elektriske anlegg, heisar, sanitæranlegg, alarmanlegg, brannsikring, sløkkjeutstyr, ENØK- arbeid, kontroll/utbetringar av godkjent/akseptert leikeapparat, brøyting og strøing. Må-/primæroppgåver: Utføre alle nødvendige utbetringar av skader på bygning/anlegg og utstyr for at dei skal fungera, plenslått/gartnararbeid, hjelp på kyrkjegarden. Bør-/primæroppgåver: Anna vedlikehald for å oppretthalde byggets verdi, som kan utførast innanfor ramma av disponible midlar. Kan-/sekundæroppgåver: Andre servicerelaterte oppgåver som vaktmeistrane kan utføra innanfor disponibel tid og kompetanse. Reinhaldstenesten Skal-/primæroppgåver: Syta for riktig og tilstrekkeleg reinhald til ein kvar tid, i alle offentlege bygg. Rapportera om skadar og vedlikehaldsbehov på bygg og anlegg, som vert avdekka ved dagleg reinhald Sysselsettingsgruppa: Skal-/primæroppgåver: Drive brukartilpassa arbeidsopplæring for arbeidsledige, som ikkje har rett på dagpengar eller går på passiv sosialstønad Fungera som arbeids- og språkpraksisplass for flyktningar på introduksjonsstønad Kan-/sekundæroppgåver: Drive brukartilpassa arbeidsopplæring for arbeidsledige som har rett på dagpengar, som ein del av eit arbeidsmarknadstiltak