Kommunalt vegfond i Vågå kommune

Det er mogleg å søkje tilskot frå det kommunale vegfondet i Vågå. Statuttane finn du her.

Statuttar for tildeling frå vegfond, vedteke i kommunestyret 18.2.2020, sak 8/20:

  1. Det må bu fastbuande langs den private vegen for å kunne søkje om midlar.
  2. Søknadsberettiga veg må vere på minimum 800 meter.
  3. Private hyttevegar, setervegar, skogsbilvegar og liknande kjem ikkje inn under ordninga.
  4. Det kan søkjast på midlar frå fondet, frå der den private vegen startar og fram til den inste innkjøringa langs vegen der det bur fastbuande. Gjennomfartsvegar der det er naudsynt å oppretthalde gjennomkjøring kan søkje for heile vegens lengde.
  5. Vegfondet blir i si heilheit fordelt likt på søknadsberettiga meter veg. Ved søknad kan vegar som faktisk fungerar som gjennomgangsveg får tilskot tilsvarande veglengda eller delar av veglengda x 1,5
  6. Søknadsfrist 1. mars for det året det blir søkt for.
  7. For å søkje på midlane må veglaget/innehavar av vegen være registrert med foretaksnummer i Brønnøysundregisteret.
  8. Tildelte midlar blir offentleggjort
  9. Utbetalingar av midlane seinast 15. mai.

Søknadsskjema (PDF, 26 kB)

Kontakt

Gunn Oddveig Rindhølen Sveen
Ingeniør veg, vatn, avlaup
Mobil 416 70 647