Vedtekter kommunalt næringsfond (PDF, 76 kB)
Vågå kommune forvaltar eit kommunalt næringsfond som skal bidra til utvikling av næringslivet i kommunen. For å sikre god rettleiing og kvalitet i søknadane, ber vi alle søkjarar om å ta kontakt med næringsansvarleg Live Brimi (live.brimi@vaga.kommune.no) før dykk sender inn søknad. Tidleg dialog bidreg til at prosjektet vert godt utforma og at søknaden inneheld naudsynt dokumentasjon.
Krav til søknaden
Ein fullstendig søknad skal innehalde:
- Kort beskriving av prosjektet og kva ein ønskjer å oppnå
- Budsjett med oversikt over kostnader
- Finansieringsplan, inkludert kva ein søkjer støtte til frå næringsfondet og eventuelle andre kjelder
Søknader utan tilstrekkeleg informasjon kan bli avvist eller sendt i retur for komplettering.
Støttegrunnlag
Vågå kommune kan gi støtte på inntil 50 % av godkjente kostnader, men i dei fleste tilfelle vil tilskotet vere lågare enn maksimalgrensa. Det er difor viktig at finansieringsplanen er realistisk og viser korleis tiltaket skal gjennomførast.
Behandling av søknadar
- Søknadar på inntil 30 000 kroner kan behandlast administrativt etter delegert mynde.
- Søknadar over 30 000 kroner skal handsamast politisk og vert difor behandla i samsvar med møtekalenderen til utvalet.
Vi oppmodar alle interesserte om å ta kontakt tidleg i prosessen for råd og rettleiing.