Merket for berekraftig reisemål er ei nasjonal merkeordning utvikla av Innovasjon Noreg. Ho fungerer som eit styringssystem for reisemål som vil arbeide langsiktig og systematisk med berekraft innan miljø, samfunn og lokal verdiskaping.
Merket viser at eit reisemål:
- jobbar kontinuerleg med forbetringar, sjølv om det ikkje er 100 % berekraftig
- kartlegg og dokumenterer status innan miljømessig, sosial og økonomisk berekraft
- evaluerast kvart tredje år, og må vise framgang for å bli resertifisert
Ordninga stiller tydelege krav til samarbeid mellom kommune, næringsliv og lokalsamfunn, og er bygd på ein omfattande standard med kriterium og indikatorar.
Les meir på Innovasjon norge sine sider: Merket for Bærekraftig reisemål | En nasjonal merkeordning
Vågå kommune går no i gang med arbeidet fram mot resertifisering av merket for Berekraftig reisemål. Merket blir tildelt til destinasjonar som jobbar langsiktig og systematisk med berekraft innan miljø, samfunn og lokal verdiskaping. For å bli resertifisert må kommunen dokumentere framgang sidan sist sertifisering – og dette krev tett samarbeid med næringslivet.
