Masterplanen Gudbrandsdalen 2030
Reiselivet er i rask endring, med nye krav til berekraft, samarbeid og profesjonalitet. For å gripe moglegheitene som ligg fram mot 2030 har reiselivsselskapa i Gudbrandsdalen gått saman om ein felles masterplan som peikar ut retning for ei berekraftig og samanhengande opplevingsregion. Masterplanen skal styrkje både verdiskaping, lokalsamfunn og merkevara Gudbrandsdalen.
Denne vart utvikla av Visit Jotunheimen, Nasjonalparkriket reiseliv og Visit Lillehammer
Reiselivet er ein sentral drivkraft for verdiskaping og sysselsetting i Gudbrandsdalen, men næringa står samstundes overfor store endringar og krevjande rammevilkår. Med eit mangfald av opplevingar, sterke natur- og kulturressursar og eit stort potensial for vidare vekst, ligg det gode moglegheiter for å styrkje Gudbrandsdalen som ei leiande og berekraftig reiselivsregion. Masterplanen gir ei felles retning for korleis reiselivet kan utviklast fram mot 2030 gjennom tettare samarbeid, målretta satsingar og betre samspel med lokale og regionale myndigheiter. Målet er å auke verdiskaping, sysselsetting og heilårsaktivitet, samstundes som klima- og miljøbelastninga blir redusert og omsynet til lokalsamfunna ligg fast.

Heile masterplanen kan leses her: Masterplan-Gudbrandsdalen-2030-1.pdf
Publisert av Live Brimi
Sist endret 23.04.2026 10.06