Desse bedriftene har fått midlar til viktige utviklingsprosjekt som styrkjer både lokalt næringsliv og regionen vår som heilskap. Desse bedriftene har fått tilskot frå ulike ordningar og til ulike satsingar og er gode døme på korleis Innovasjon Norge bidreg til vekst og innovasjon i distrikta. I tillegg til desse har fleire aktørar innanfor landbruk fått midlar.
Kva kan Innovasjon Norge tilby?
Innovasjon Norge har ei rekkje ordningar for bedrifter og etablerarar som vil utvikle nye produkt, tenester eller satsingar. Formålet med ordningane er å stimulere til innovasjon, berekraftig verdiskaping og utvikling av konkurransedyktige bedrifter i heile landet. Men det er ikkje alltid like enkelt å finne ut korleis ein skal gå fram. Har du ein idé eller eit prosjekt som kan bidra til utvikling i Vågå?
Næringssjefen i Vågå kommune kan gi råd om aktuelle ordningar, hjelpe med søknadsprosessen og koble deg til rett person hos Innovasjon Norge.
Nasjonalparkriket reiseliv