Vågå og Sel landbrukskontor

Kontoradresse: Edv Stormsveg 2 (kommunehuset), 2680 Vågå

Landbrukskontoret skal stimulere og leggje til rette for landbruksnæringa på ein måte som gjer at alle gardbrukarar får rettleiing og hjelp til å nytte dei ulike ordningane som er heimla i jordbruksavtala.

Kontoret skal også stimulere til næringsutvikling på den einskilde eigedom og/eller i tilknytning til landbruksnæringa.

Landbrukskontoret skal førebu saker etter forskrifter og lovverk, og ta avgjerd i saker som er delegert til administrasjonssjefen.

Landbrukskontoret har i tillegg følgjande tenester:

  • økonomisk planlegging for Innovasjon Norge
  • økonomisk planlegging for BU-fondet
  • katastrofeordningane (avlingsskade mv)
  • organisert beitebruk
  • lovforvaltning etter forpaktningslov, jordlov, beitelov, odelslov mv.
  • tidlegpensjonsordning for jordbrukarar
  • saksbehandling etter reglar om areal- og kulturlandskapstillegg
  • kulturminnevern
  • tiltak mot punktutslepp
  • tiltak mot avrenning
  • forureining etter jordbruksforskrifter heimla i forureiningslova
  • ferie- og fritidsavløysing
  • sjukdomsavløysing
  • landbruksvikarordninga
  • offentleg statistikk mv.

 

Kontakt

Per-Ivar Weydahl
Landbrukssjef Vågå og Sel
Telefon 61 29 36 71
Mobil 920 41 410

Landbrukssjef for felles landbrukskontor for Vågå og Sel. Er også beredskapskoordinator i Vågå kommune.