Naturskade

Er du ramma av ei naturulykke? Statens naturskadeordning gjev deg erstatning for skadar på objekt det ikkje er mogleg å forsikre gjennom ei alminneleg privat forsikring.

Søknadsskjema

Det er Statens naturskadeordning som behandlar søknadene, ikkje kommunen. 

Kven kan søkje?

Private eigarar, selskap, veglag og foreiningar, personar med leigejord, tomtefestarar og andre rettshavarar kan søkje om erstatning.

Kva kan erstattast

Statens naturskadeordning kan gje erstatning for skadar på

  • vegar og bruer
  • jordbruks- og skogsareal
  • kaiar/moloar av stein/betong
  • skog – forårsaka av flaum og skred
  • andre byggverk som ikkje blir dekte av vanleg forsikring

To hovudvilkår

1. Skaden må direkte kome av ei naturulykke

Flaum
Flaum oppstår når eit vassdrag går over sine breidder og påfører skade på omkringliggjande område. Det kan også oppstå flaum når rennande vatn dannar villbekker i skrånande terreng. Skadar som følgje av overvatn etter nedbør blir ikkje dekte.

Storm/stormflod
For å kunne gje erstatning må det blåse liten storm eller meir enn 20,8 m/s, medan det for stormflod er det lokale femårsflodnivået som avgjer. Er du usikker på vindfarten då skaden skjedde eller om stormfloda nådde høgt nok flaumnivå, tilrår vi deg å søkje uansett.

Skred
Som skred reknar vi mellom anna jordskred, leirskred, steinskred, sørpeskred og snøskred. Det er inga definert minstegrense, slik at steinsprang og blokkefall blir rekna med, men det er krav om at hendinga blei løyst ut plutseleg.

Anna naturulykke
Andre naturulykker som blir dekte, er mellom anna jordskjelv og vulkanutbrot. Sannsynet for at det skal oppstå naturulykker med slik styrke at dei påfører skadar er svært lite. Vi inkluderer elles desse fordi det er blitt registrert mindre skjelv på norsk sokkel og grunna den aktive vulkanen Beerenberg på Jan Mayen.

2. Skadeobjektet kan ikkje forsikrast gjennom vanleg forsikring

Statens naturskadeordning dekkjer alt som ikkje kan forsikrast gjennom ei vanleg forsikring. Det som avgjer om du kan søkje erstatning, blir derfor om objektet kunne vore forsikra, ikkje om det faktisk var forsikra.

Dette bør du førebu

Skade i ferd med å skje

Om mogleg bør du gjennomføre førebyggjande tiltak som kan avgrense skadeomfanget. Meirkostnader og redningsomkostningar vil også kunne erstattast.

Dokumenter skaden

Når du søkjer om naturskadeerstatning, er det viktig at du skildrar og dokumenterer skaden godt.

Dette må du leggje ved søknaden
  • Bilete av skadestaden og området rundt.
  • Kart der du merkjer av området som er skadd. Merk gjerne på kartet kvar dei ulike
  • bileta er tekne.
  • Dokumentasjon av bruksverdien til skadeobjektet. Dette kan vere opplysningar om avkastning, leigeinntekt, billettinntekter eller liknande. Les meir om bruksverdi.
  • Tilbakeføringskostnader skal dokumenterast gjennom skadeoppgåve, takst eller anbod.

Har du i tillegg bilete av korleis skadestaden såg ut tidlegare, er dette svært nyttig dokumentasjon for oss.

Krava våre til skadeoppgåve, anbod eller takst
  • For skadar under 50 000 kroner kan du sjølv dokumentere tilbakeføringskostnadene i ei skadeoppgåve. Du må skildre kva du skal gjere for å reparere skaden, kor mykje tid som skal brukast til dette, og kva utstyr/materiell som trengst. Har du fakturaer, legg du dei ved.
  • For skadar mellom 50 000 og 200 000 kroner må du hente inn eitt anbod frå ein entreprenør. Dersom det er vanskeleg å få henta inn anbod frå ein entreprenør, kan du hente inn ein takst. Kostnader til takst blir ikkje dekte av Landbruksdirektoratet. Anboda/taksten må skildre skaden, korleis reparasjonen skal gjerast, og spesifisere timar og materiell.
  • For skadar mellom 200 000 og 500 000 kroner må du hente inn to anbod frå ulike entreprenørar. Dersom det er vanskeleg å få henta inn anbod, kan du hente inn ein takst. Kostnader til takst blir ikkje dekte av Landbruksdirektoratet. Anboda/taksten må skildre skaden, korleis reparasjonen skal gjerast, og spesifisere timar og materiell.

Søknadsfrist

Søknaden må sendast til Landbruksdirektoratet innan tre månader etter at skaden skjedde – med dokumentasjon som skildra ovanfor. Dersom du ikkje har høve til å sende fullstendig søknad innan fristen, kan du søkje om utsetjing. Du må då sende søknad med den dokumentasjonen du har tilgjengeleg, og be om forlengt frist. Dette må skje innan tre månader etter at skaden skjedde.

Utfylling av søknad

Skjema

Gå til søknad om erstatning etter naturskade via Altinn for å søkje. Her blir du beden om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn på nettsidene til Altinn.

Hugs å søkje seinast 3 månader etter skadetidspunktet.

I skjemaet skal du registrere

  • kven som søkjer
  • kva du søkjer erstatning for
  • skildring av skade

I tillegg skal du leggje ved

  • bilete av skaden
  • enkelt kart over skadeområdet
  • kostnadsoverslag frå entreprenør på reparasjon, eller eventuelt takst frå takstmann

Sende søknad

Søknaden blir automatisk send til Statens naturskadeordning når du trykkjer på «Send» i skjemaet.

Når Statens naturskadeordning har fått søknaden, får du stadfesting i innboksen din i Altinn.

 

Har du spørsmål om ordninga, ta kontakt med Landbruksdirektoratet på tlf: 78 60 60 00