Kadaverfunn

Utmarksbeitet er ein viktig ressurs for landbruket i kommunane (Sel og Vågå), og kvart år blir det sleppt rundt 17 500 småfe og 1700 storfe i utmarka. Det blir brukt store ressursar på førebyggjande tiltak for å unngå tap av beitedyr. Landbrukskontoret har eigen vakttelefon i beitesesongen tlf. 902 39 071, som er operativ på kveld og i helger f.o.m. 10.7 t.o.m. 15.09. 

Kva gjer du når du finn kadaver: 

1. Stadfeste posisjon med UTM-koordinatar. (Helst Norgeskart, Ut.no eller liknande, Google Maps blir ikkje nøyaktig ute i terrenget.)

2. Ta gode bilete, både nærbilete og bilete som syner kadaveret i eit litt større område

3. Heng gjerne opp noko som gjer det enklare å finne kadaveret for rovviltkontakten

4. Dekk til kadaveret med stein eller kvsit. Det er ein svært kort tidsfaktor før det kan vera vanskelegare å fastslå dødsårsak

5. Kadaveret skal i utgangspunktet ikkje røyvast frå der det er funne.

 Varsling ved kadaverfunn/rovviltobservasjonar ol

1. Meld frå til eigar. (Om ein ikkje veit eigar, noter farge på øyremerker og funnstad og kontakt landbrukskontoret)

2. Varsle SNO ved lokal rovviltkontakt

3. Varsle landbrukskontoret sin vakttelefon. Landbrukskontoret varslar vidare og søkjer eventuell skadefellingsløyve

Sel og Vågå landbrukskontor: tlf. 61293600 

Kommunal rovvilttelefon for Sel og Vågå, som er operativ på kveld og i helger f.o.m. 10.7 t.o.m. 15.09. Tlf: 902 39 071

 

Rovviltkontakter i Sel og Vågå: 

Jan Olav Solstad, Sel, 991 67 186

Anders Svare, Vågå, 950 54 251

Kontaktpersoner i SNO for området her:

Øyvind Angard,  tlf: 917 33 365

Ole Knut Steinset, tlf: 464 48 657

 

Last ned PDF, om steg for steg når ein finn kadaver 
Den finn du her (PDF, 609 kB)