Vokalundervisning:
Det er individuell undervisning for elevar som ønskjer å syngje og å vidareutvikle stemma si. Det blir fokusert på grunnleggjande songteknikk, klang, litt kjennskap til musikkomgrep og noter, personleg repertoar og personleg formidling.
Stemma er instrumentet vårt, og på same måte som med andre instrument treng ein å lære seg korleis ein bruker ho og korleis ein tek vare på ho.
Læraren vil etter handa vurdere utvikling og modning i faget hjå den einskilde eleven, samt vurdere repertoar. Det å opptre er ein viktig del av å vere kulturskuleelev, kulturskulen har jamlege konsertar der elevane bli oppmoda til å bidra. Elevane treng og trening i å opptre, så jo meir, jo betre. Å syngje saman med andre er både artig og nyttig. Ein vil og kunne få tilbod om å syngje saman med elevar som speler instrument.
Lærar: Paulo Macamo