Trekkspel og toradar

Undervisning på trekkspel og toradar blir gjeven av vår lærar Brit Alseth. 

Om tilbodet:

I kulturskulen vil elevane lære å smake på musikk frå ulike genre, alt frå folkemusikk/gammaldans, populærmusikk, underhaldningsmusikk til klassisk musikk. Det blir spelt både etter gehør og noter.

Undervisninga er stort sett organisert som enkelttimer, men i tillegg får elevane spele i forskjellige samspelgrupper både med like og andre typar instrument.

Tilbodet består også av ulike opptredener på  store og små konsertar/framsyningar og diverse arrangement både i og utanfor lokalmiljøet. Undervisninga går føre seg  på ettermiddag.

 

Om trekkspelet:

Trekkspelet er eit musikkinstrument konstruert av tyskeren Friedrich Buschmann og i 1829 vart trekkspelet forbetra av østerrikaren D. Demian. Han gav instrumentet namnet akkordeon. Tonane kjem frå frittsvingande stemmetunger som settes i svingninger av ein luftstraum frå en blåsebelg.

Instrumentet har en diskantside på høgre side og bass på venstre. Diskantsida omfatter ein kromatisk skala på 4 oktaver. Diskanten har enten knappesystem eller pianosystem. Bassmekanismen er konstruert slik at knappene gir alle tonearters dur- , moll- , septim- og forminska septimakkordar med grunntoner til. På enkelte instrument har ein i tillegg moglegheit til å koble om bassen til enkelttoner (melodibass).  Instrumenta med denne bassfunksjonen blir kalla akkordeon. Eldre modellar, ein- og toradar, også kalla durspill, er vekseltonige, dvs. at kvar knapp gir ei tone avhengig av hvilken veg belgen blir bevega. Større instrument er liketonige, dvs. kvar knapp gir ei tone uavhengig av kva for veg ein dreg belgen.