Har du helsefagleg utdanning eller erfaring, men arbeider med andre oppgåver i dag? Da vil kommunen takke deg dersom du ønskjer å registrere deg her.
Alderspensjonistar kan jobbe med koronakrisen utan å tape pensjon
Regjeringa lempar med umedelbar verknad på reglar slik at pensjonerte sjukepleiarar og andre i nødvendige yrkesgrupper kan jobbe utan å få pensjonen redusert.
Regelen gjeld frå fredag 13. mars og fram til 1. november, og altså for arbeid knytt til koronaviruset.
I første omgang ønskjer vi berre ei oversikt over tilgjengelig helsepersonell, men dersom vi kjem i ein situasjon med mangel på personell, tek vi direkte kontakt med deg.
For å halde oversikt over alle som ønskjer å bidra, så må alle registrere seg via skjemaet under.
Foreløpig er det berre mogleg for frivillige som er utdanna innanfor helse, med minimum fagbrev, å melde seg til helserelaterte oppgåver i Vågå kommune, men behova for frivillig arbeid kan endre seg.
Ordna forhold i kommunen:
Kommunen vil ta kontakt med dei som er aktuelle. Jobb i kommunale helseinstitusjonar inneber lønn, samt å vere dekka av kommunen sine forsikringar. Alle må kunne vise politiattest.
Har du spørsmål så ta kontakt med Synnøve Vistekleiven på telefon 91 13 43 58 eller e-post syvi@vaga.kommune.no.