Vågå har så langt fått bekrefta 11 positive testresultat på korona.

Vi har framleis ikkje full oversikt over smittesituasjonen og smittesporingsarbeidet held fram for fullt. Kriseleiinga har derfor beslutta at elevar ved Vågå ungdomsskule og Vågåmo skule skal ha heimeundervisning også i morgon torsdag. Lalm skule har vanleg skuledag og barnehagane held ope som vanleg.

Det blir lagt opp til massetesting av elevar i grunnskulen i morgon. Om nokon får symptom som kan knytast til korona ber vi dei ta kontakt med koronatelefonen for testing.

Vi ber alle begrense sosial omgang til vi har fått full kontroll over situasjonen.