Smitteutbrot i Vågå – oppdatert informasjon 27.08.21

Pr. nå har vi totalt 24 smitta i Vågå, men det er ingen nye positive blant dei som er testa i dag.

Den regionale testberedskapen vil gjelde i helga og vekedagane. Sjå vedlagde oversikt.

Dersom det blir behov for testing av skuleelevane neste veke så vil det gå føre seg i Vågå.

Det blir drop-in vaksinering neste veke (tidspunkt kjem seinare) for ungdom i alderen 16-17 år samt for andre som ønskjer å ta første eller andre gongs vaksinering.

Dersom det er nokon som har symptom eller har mistanke om å vere nærkontakt med smitta, ber vi dei om å ta kontakt med koronatelefon, sjå vedlagde oversikt.

OBS!

Minner om generelle smittevernråd:

  • Hald minst 1 meter avstand og bruk munnbind dersom det ikkje er mogleg
  • Vask hender ofte og grundig
  • Hald deg isolert dersom du er sjuk

Regionalt samarbeid om koronatelefon og testing på helg. Koronatelefon er open frå kl 09.00-11.00, testing skjer etter avtale med koronatelefon og blir utført mellom kl 11.00-13.00.

Oversikt over testlokasjon finn du i tabellen under.

 

Dag og dato

Telefon

Lokasjon

Adresse

Laurdag 28.08

61 24 22 00

Dovre

Lars Moens veg 3, Dombås

Laurdag 04.09

952 53 990

Vågå

Vågå helsesenter, Moavegen 20A

Laurdag 11.09

909 89 436

Skjåk

Skjåk legekontor, Moavegen 30

Laurdag 18.09

469 08 342

Sel

Otta samfunnshus, Skansen 5A

Laurdag 25.09

908 27 520

Lesja

Lesja helsehus/Legekontoret, Romsdalsvegen 1382, 2665 Lesja

Laurdag 02.10

481 65 519

Lom

Lom helsesenter, Krokamyrvegen 18, testbrakke ved parkeringsplass

Laurdag 09.10

61 24 22 00

Dovre

Lars Moens veg 3, Dombås

 

Samarbeid om felles beredskap på koronatelefon og koronatesting på vekedagar mellom Vågå og Sel. Koronatelefonen vil vera betjent mellom kl 09.00-12.00, og testing vil foregå etter avtale med koronatelefonen mellom 09.30-12.00. Fordeling av veker ligg i vedlagte tabell

Vekenr.

Lokasjon

Telefon

35

Sel

469 08 342

36

Vågå

952 53 990

37

Sel

469 08 342

38

Vågå

952 53 990

39

Sel

469 08 342