Smitteutbrot i Vågå – oppdatert informasjon 25.08.

Vågå har totalt 12 påvist smitta nå i kveld. Totalt er 22 sett i karantene som nærkontaktar så langt.

I løpet av dagen har 150 vore testa enten med hurtigtest eller med PCR-test (som blir senda til Lillehammer). Testing av 7. og 9. trinn i dag har ikkje avdekka ytterlegare smitte.  

I morgon vil det bli tatt ytterlegare testar av skuleelevane både på Vågåmo skule og Vågå ungdomsskulen. Elevane vil bli kontakta på sms.

Vågåmo skule og Vågå ungdomsskule vil som tidlegare nemnt ha heimeskule i morgon.

Søre Grindstugu barnehage har også fått smitte og småbarnsavdelinga blir stengt inntil nærmare avklaring. Barnehagen vil bli halde ope, men vil drifte etter gult trafikkljos. Det inneber mellom anna avgrensa opningstid, inndeling i kohortar og styrka reinhald. Foreldre vil få nærmare beskjed frå barnehagen.

Kulturskulen vil halde stengt denne veka. Vaksenopplæringa vil opne opp att fredag 27.08.21.

Dersom det er nokon som har symptom eller har mistanke om å vere nærkontakt med smitta, ber vi dei om å ta kontakt med koronatelefon 952 53990 for å avtale testing. Koronatelefonen har utvida opningstid torsdag og fredag frå 08.30-15.00.