Smitteutbrot i Vågå - oppdatert informasjon 02.09.21

Vi har i dag testa alle barn og nærkontaktar knytt til Søre Grindstugu barnhage, utan at det er kome nye positive testresultat. Det er også ein del av desse som er levert til laboratoriet som PCR test i tillegg. Alle har fått med seg sjølvtest (kan teste seg sjølve eller ungane)og skal retesta seg i løpet av helgen. Dersom det er nokon som får positiv test på sjølvtest i løpet av helga må dei setja seg sjølv i isolasjon og ta kontakt med koronatelefon måndag 06.09.

Vågåmo skule og Vågå ungdomsskule blir sett på "gult nivå" frå måndag.

Det er i dag opna for vaksinering av 12-15 åringar og Vågå kommune vil starte med denne gruppa så snart som råd.

Statsminister Solberg gjentok på pressekonferanse i dag at vegen ut av dagens smittesituasjon er vaksine og oppmodar alle om å vaksinere seg. Det er både for å sikre seg sjølv, men også for å hindre smittespreiing i samfunnet. Ho ber også dei som er klare for dose 2 om å gjere det snarast råd sidan det viser seg at fullvaksinerte hindrar smittespreiing betre enn dei med ei dose.

NB! Minner om drop-in vaksinering i Vågåhallen i morgon mellom kl. 14.00-18.00.

Folkehelseinstituttet viser til følgjande forskingsresultat:

Ungar (0-17år) har svært milde symptom ved smitte, 20-30% har ikkje symptom.

0,4% (0-17 år) har vore innlagt på sjukehus og i snitt vore innlagt 2 døgn.

Dødsrate (0-17 år) er 2 pr. 1 million.

Seinfølgjar er særs lite vanleg blant ungar og ungdomar (og det kan også skje ved andre infeksjonar).

 

Idrett og organisert fysisk aktivitet

Vi har fått spørsmål rundt tema og vil orientere om følgjande:

Idrett og organisert fysisk aktivitet er omfatta av Helsedirektoratets rettleiar i smittevern for idrett. Rettleiaren er nasjonal og Vågå kommune følgjer den også nå.

Den seier mellom anna:

Er det lov for idrettslag å arrangere treninger?

Ja, alle kan trene og delta på fritidsaktiviteter som normalt, både ute og inne. Personer under 20 år og toppidrettsutøvere har unntak fra kravet om avstand. Personer over 20 år kan også unntas fra avstandskravet når det er nødvendig for å drive med aktiviteten.

I kommuner med økt smitte og lokale utbrudd følger barne- og ungdomsidretten lokale tiltak.

Hvert enkelt idrettslag og forening er ansvarlig for at deres aktiviteter gjennomføres på en smittevernfaglig forsvarlig måte.

Som følgje av smitteutbrotet ber vi alle foreldre om å vere ekstra merksame på symptom hjå ungane og at ungane da ikkje deltek på organisert aktivitet. Sjå rettleiar for meir informasjon.