Smitteutbrot av Covid-19 i Vågå – oppdatert informasjon 26.08.21

Pr. nå har vi totalt 21 smitta i Vågå.

Smittevegen er nå kjent og er relatert til utanlandsreise.

Smitte er registrert i fleire klassetrinn så det går føre seg massiv testing også i dag.

Personar som er fullvaksinerte og er friske treng ikkje å teste seg.

Kriseleiinga har beslutta at skulane blir opne i morgon for alle som har testa seg og/eller er friske. Søre Grindstugu barnehage vil også halde ope på gult nivå (avdeling Marihøna er stengt).

Dersom det er nokon som har symptom eller har mistanke om å vere nærkontakt med smitta, ber vi dei om å ta kontakt med koronatelefon 952 53990 for å avtale testing. Koronatelefonen har utvida opningstid torsdag og fredag frå 08.30-15.00.

OBS!

Minner om generelle smittevernråd:

  • Hald minst 1 meter avstand
  • Vask hender ofte og grundig
  • Hald deg isolert dersom du er sjuk