Råd og informasjon om Koronaviruset

Korona-oppdatering 15.03.20

Vågå kommune har framleis berre ein påvist Covid-19 smitta sundag kveld.

Det er i hovudsak berre helsepersonell som får testa seg nå. Dei andre som får symptom på luftvegsinfeksjon skal sette seg sjølv i karantene. Det blir vanskelig å halde oversikt over kor mange som er smitta og som er i heimekarantene slik testreglane er nå. For korona-kontakten og lege er det stadig meir utfordrande å avgjere kven som skal i karantene og kven som har vore i kontakt med smitta personar. Er du i tvil så ber vi deg ringe korona-koordinator på telefon 95 25 39 90 (08.00-20.00).

Kommunehuset er stengt for besøkjande frå måndag morgon, men ta gjerne kontakt med servicetorget på telefon 61 29 36 00. På heimesida finn du kontakttelefonar og epost direkte til tilsette.

Oppdatering 13.03.20 kl. 15.30

Folkehelseinstituttet pålegg alle som har vore på reise utanfor Norden i perioden etter 27.02.20 å vere i heimekarantene i 14 dagar etter heimkomst. Dette gjeld IKKJE andre husstandsmedlemmar. (Dette var det feilinformert om tidlegare i dag, frå Folkehelseinstituttet.)

Det er heller ikkje karantene for husstandsmedlemmar til personar som ikkje har påvist Covid-19. Dersom ein person har symptom på luftvegsinfeksjon så kan det vere aktuelt med karantene, men det må avklarast i kvart enkelt tilfelle med helsesenteret ved corona-telefon.

For dei som ikkje har symptom:

Nærkontakt med dei som ikkje har symptom, blir sett på å utgjere ein låg risiko med tanke på vidare smitte.Det er derfor ikkje nødvendig for deg og husstandsmedlemmane å følgje særskilte råd for å beskytte dykk utover god handhygiene og andre grunnleggande smitteverntiltak.

God handhygiene inneber hyppig handvask med såpe og vatn, spesielt etter toalettbesøk, før matlaging og før måltider. Det er også eit godt råd å halde seg på ein meters avstand frå den i husstand som er i karantene.

Oppdatering 13.03.20 kl. 09.30

Framleis berre ein som har testa positivt.

Ny testrutiner frå Folkehelseintstituttet: Dei som er i heimekarantene vil ikkje lenger bli testa og skal heller ikkje kontakte helsevesenet – med mindre dei har behov for helsehjelp. Personar som er usikre kan ta kontakt med Korona-telefon 95 25 39 90. Telefonen vil vere tilgjengelig også i helga, frå kl. 08.00-20.00.

Folkehelseinstituttet pålegg alle som har vore på reise utanfor Norden i perioden etter 27.02.20 skal halde seg i heimekarantene i 14 dagar etter heimkomst.

 

Oppdatering 13.03.20 kl. 09.00

Skule/SFO og barnehagane er stengt frå 13. mars til 26. mars.

1.-4. klasse/SFO/barnehagen vil ha eit omsorgs- og tilsynstilbod for barn/elevar av foreldre i 15 definerte kritiske samfunnsfunksjonar:

·        Styring og kriseleiing

·        Forsvar

·        Lov og orden

·        Helse og omsorg

·        Redningsteneste

·        IKT-sikkerheit i sivil sektor

·        Natur og miljø

·        Forsyningssikkerheit

·        Vatn og avløp

·        Finansielle tenester

·        Kraftforsyning

·        Elektroniske kommunikasjonstenester

·        Transport

·        Satelittbaserte tenester

·        Apoteka

Dette tilbodet gjeld berre der mor/far er eineforsørgar og arbeider innan eitt av yrka, eller der båe foreldra har eitt av yrka.

Vi ber om at føresette fyrst prøver å finna andre moglegheiter, da målet med stenging er å hindre smitte og at det det difor bør vera minimalt med barn samla. Det er likevel viktig å ta omsyn til at besteforeldre i risikogruppe ikkje skal brukast til barnepass.

Dei som likevel må ha eit tilbod i skule/barnehage, tek snarast kontakt med rektor/styrar på telefon:

Lalm skule, Tor-Even Vågheim  99589612

Vågåmo skule, Dag Nyøygard   95057283

Lalm barnehage, Siv Kristin Paulsen   95281106

Søre-Grindstugu barnehage, Jorunn Linderud  97605695

Trudelutten barnehage, Åsta Røhr Kleiven   96048740

Tytingen natur og gardsbarnehage, Evy Kveen  99644987

Oppdatering 12.03.20 kl. 16.00

 

Statsministeren sitt kontor kom med ny informasjon i dag kl. 14.00 etter at Norge er over i ei ny fase. Det er nå smittetilfelle som ikkje kan sporast til reise i utlandet.

Alle skular og barnehagar blir stengt frå torsdag 12.03.20 til og med torsdag 26.03.20. Dette får store konsekvensar for arbeidsplassane i Vågå.

Vågå kommune ber om at innbyggjarane stiller til dugnad for samfunnet og hjelper kvarandre. Alle må samarbeide og finne kreative og gode løysingar.

Det blir oppretta omsorgstilbod for born til dei som treng å gå på arbeid for å sikre liv og helse. Det gjeld først og fremst helse- og omsorgstenester, men også andre samfunnskritiske funksjonar. Det blir også eit omsorgstilbod til barn med særskilte behov.

Alle som kjem frå reise i "utanom-nordiske" land etter 27.02.20 skal i karantene i 14 dagar etter at dei kom heim.

Staten gjev utreiseforbod til utlandet for helsepersonell (dei vil få dekka sine utgifter). Forbodet gjeld ut april månad.

Detalj- og varehandel blir halde ope så det er ingen grunn til å "hamstre" mat.

Det er i Vågå berre ein påvist smitta og kommunelegen har foreløpig god kontroll over situasjonen.

NB! Følg råd som gjeld hygiene og karantene på heimesida til Helsenorge.

Oppdatering 12.03.20

 

Vågå kommune følgjer retningslinene til Fylkesmannen i Innlandet.

Vågå har ein påvist smitta pr. nå, som er avklart med tanke på smittesporing. Dei som testar negativt skal halde seg heime til symptom er borte.

Korona-koordinator vil utvide tilbodet sitt og kan kontaktast frå kl. 08.00-20.00 kvar dag inkl. helga på telefon 95 25 39 90. Intervju på smittesporing vil ta tid så vi ber om forståing for at det kan vere noko ventetid på telefon.

Vågå ungdomsskule held stengt frå i dag og neste veke, med omsyn til anbefalingane frå Fylkesmannen. Det inneber at skuletur til Maurvangen i veke 12 går ut. Det er viktig å presisere at elevane ikkje har fri, men får ei anna form for undervisning.

Kulturskulen og idrettshallen vil bli stengt denne og neste veke av dei same grunnane som ungdomsskulen.

Kommunen ber om at ungane/ungdommane unngår å vere saman på fritida slik at eventuell smittespreiing blir minst mogleg.

Barneskulane og barnehagane har normal drift i dag, men situasjonen blir følgd tett. Fylkesmannen ber oss om å halde barneskulane og barnehagane opne så lenge som råd sidan det har store samfunnsmessige konsekvensar å stenge. Ungar og elevar som er infeksjonssjuke skal vere heime.

Utsette grupper bør vurdere å skjerme seg og ta ekstra omsyn. Drøft med arbeidsgjevar og ta kontakt med legen dersom du er usikker.

Vågå kommune avlyser arrangement i samsvar med anbefalingar frå Fylkesmannen.

Kommunen er opptekne av at karantene-reglane blir følgd opp. Karantene inneber at ein ikkje søker opp andre menneskje, går på butikken eller til forsamlingar av folk. Ein skal heller ikkje ha omgang med andre som er i karantene.

Her er retningslinene til Fylkesmannen 11.03.20:

https://www.fylkesmannen.no/innlandet/helse-omsorg-og-sosialtjenester/smittevern/coronavirus/felles-kjoreregler-i-forbindelse-med-korona/

 

 

Oppdatering 11.03.20

I Vågå er nå 10 personar i karantene.

Situasjon er rolig pr. nå, men vi ventar på resultatet av innsendte prøver. Dei vil vi få svar på i løpet av dagen eller morgondagen avhengig av kapasitet på Lillehammer sjukehus.

Vi minner om at du ved mistanke om smitte av Covid-19, ikkje oppsøker legekontoret. Ta kontakt pr. telefon. Dette for å avgrense smittespreiing. All testing av virus vil skje utandørs ved helsesenteret. 

 

Oppdatering 10.03.20

I Vågå er nå 9 personar i karantene. 8-10 personar venter på å ta Covid-19 prøve.

Det er ikkje påvist Covid-19 (corona) i Vågå enno. Kommuneoverlegen seier at dei vil intensivere prøvetaking i dagane framover.

Kommunen har innført eit strengare besøksregime samt intensivert reinhald i kommunale bygg. Inntil ny melding blir gjeve vil aktivitetar elles gå som normalt.

Kommuneleiinga vil ha møte dagleg med kommuneoverlegen og sende ut informasjon så snart det er noko nytt.

Oppdatering 09.03.20

 

Vågå kommune følgjer situasjon kring Covid-19 (koronaviruset) tett. Kommunen ber om at innbyggjarane held seg oppdatert om situasjon gjennom informasjon på heimesida og følgjer råd frå nasjonale myndigheiter – Folkehelseinstituttet - fhi.no.

 

Frå måndag 09.03.20 har vi oppretta ein koordinator for coronaviruset på helsesenteret som kan gje råd og svare på spørsmål. Koordinator kan kontaktast ved å ringe eller sende sms. 95253990 kl. 9-15 på kvardagar.

 

Har du mistanke om at du er smitta av Covid-19, ikkje oppsøk legekontoret. Ta kontakt pr. telefon. Dette for å avgrense smittespreiing. 

 

Det beste er at folk kontaktar korona-koordinator i opningstida. På kveld eller helg skal dei som er alvorleg sjuke kontakte legevakt på telefon. Legevakta har avgrensa kapasitet og spørsmål som kan vente, rettast corona-koordinator på dagtid.

 

Vågåheimen er spesielt utsatt pga eldre svekka pasientar. Retningsliner for dette er slått opp på inngangspartiet. Ikkje besøk Vågåheimen, Miljøterapitenesta, Frivilligsentralen eller dagsenteret i Sjårdalen dersom du er i fare for å bringe smitte vidare. Ta kontakt med personell dersom du er usikker.

 

Risiko for smitte

Det er risiko for å bli smittet dersom du har oppholdt deg i et område med utbrudd av coronavirus. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for oppdatert informasjon om kva for områder dette gjeld. Det er viktig å oppdage, teste og eventuelt isolere moglege tilfelle tidlig. 

 

Helsepersonell som har forkjølelsessymptom bør kontakte sin leiar for å diskutere/vurdere tiltak.
Smittespreiing i nabokommunane er svært stor og det er grunn til å tru at det vil spreie seg til oss. Av den grunn vil vi vurdere å avlyse større arrangement. 

 

Informasjon blir oppdatert fortløpande.

Vågå kommune har kontakt med Fylkesmannen i Innlandet og følgjer med på informasjon frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet og har daglege statusmøte i kriseleiing. Kommunen har beredskapsplan og rutiner for håndtering av eventuelle smittetilfeller i kommunen. 

 

Her finn du god og nyttig informasjon: