Råd og informasjon om Koronaviruset - veke 13

Oppdatering fredag 27.03.20

 

Kommuneleiinga og kommuneoverlegen vil vere tilgjengelig for spørsmål knytt til koronasituasjon for innbyggjarane måndag 30.03.20 på Vågå kommune sin facebook-side kl. 12.00. Det er fint om de kan sende inn spørsmål på førehand, send e-post til irene.gundersen@vaga.kommune.no.

Koronatelefonen har liten pågang og den vil derfor ikkje vere tilgjengelig sundag. Behovet vil bli vurdert fortløpande og opningstid kan bli endra. Koordinator på helsesenteret kan gje råd og svare på spørsmål. Du kan kontakte korona-koordinator ved å ringe eller sende sms, telefon 95 25 39 90 mellom kl. 08.00-15.00 på kvardagar og mellom kl. 10.00-14.00 på laurdag. 

Oppmøte til ordinære legetimer går som avtalt, det er berre når du har luftvegs-symptom at vi ber deg ta kontakt på telefon. Folk skal ikkje vere redde for å oppsøke helsesenteret på vanleg måte.

Oppdatering onsdag 25.03.20

 

Helsesenteret er ope og går som normalt. Det er viktig å presisere at vanlege legetimer går som normalt og at det er berre når du har luftvegs-symptom at vi ber deg ta kontakt på telefon.

 

Oppdatering tysdag 24.03.20

 

Det har vore pressekonferanse frå Statsministeren sitt kontor i dag kl. 16.00. Ho takkar alle i Norge som følgjer råd for å hindre smittespreiing.

Regjeringa opprettheld alle tiltak til over påske (13. april 2020).

Det vil mellom anna innebere:

  • stenging av skule og barnehage
  • at reglane om karantene og isolasjon blir oppretthalde
  • innskjerping av råda om å halde avstand til andre

Oppdatering måndag 23.03.20

 

Korona-situasjonen er framleis oversiktleg i Vågå kommune.

Kommuneoverlegen presiserer at det er viktig å følgje retningslinene på hygiene og karantene.

Apotek 1 Vågå blir opna att i dag.

 

Kontakt

Informasjonstelefon Covid-19
Mobil 952 53 990

Informasjonstelefon ved helsesenteret i Vågå. Ring eller send SMS om du har spørsmål om Covid-19 (koronavirus)