Råd og informasjon om koronavirus - veke 14

Oppdatering fredag 03.04.20

 

Koronatelefonen vil ikkje vere tilgjengelig i helga grunna liten pågang, men vil vere bemanna måndag 06.04 - tysdag 07.04 frå kl. 10.00-15.00 og onsdag 08.04 kl. 10.00-12.00. I påskehelga blir telefonen samordna i dei seks norddalskommunane. Ny informasjon vil kome onsdag 08.04.20.

Vedtak i Regjeringa om forlenging av stenging, eller opning av skule og barnehage er forventa å kome i løpet av onsdag 08.04.20.

Oppdatering onsdag 01.04.20

 

Gratis nødtelefon til barn og unge er nå døgnope pga. koronasituasjonen. Se nettsida for meir info: https://www.116111.no/.

Kommuneoverlegen i Vågå kommune har fatta følgjande vedtak:

Med heimel i Smittevernloven §4-1 blir felles sanitæranlegg på campingplassar og overnattingsstader i Vågå kommune stengde. Dette er eit hastevedtak etter Kommunelovens §11-8 slik at vedtaket er tredt i kraft og vil gjelde til vedtaket blir oppheva. Tiltaket er gjort for å avgrensa kontakt mellom menneskjer på stader der det er lett å spreie smitte og er gjort særskilt med tanke på påsketrafikken.  

Nettmøte:

Kommuneleiinga, NAV og kommuneoverlegen vil gjennomføre eit nytt møte knytt til koronasituasjon for innbyggjarane fredag 03.04.20 på Vågå kommune sin facebook-side kl. 12.00. Send gjerne inn  spørsmål på førehand, send e-post til irene.gundersen@vaga.kommune.no.

 

Oppdatering måndag 30.03.20

 

Vi minner om at kommuneleiinga og kommuneoverlegen vil vere tilgjengelig for spørsmål knytt til koronasituasjon for innbyggjarane måndag 30.03.20 på Vågå kommune sin facebook-side kl. 12.00. Det er fint om de kan sende inn spørsmål på førehand, send e-post til irene.gundersen@vaga.kommune.no.