Pressekonferanse frå Statsministeren sitt kontor tysdag 07.04.20

Kort oppsummert vil Statsministeren takke alle som er tålmodige og lyttar til nasjonale råd. Det gjer at landet nå har kontroll på smittesituasjonen. Det vart likevel understreka at vi må halde fram med alle hygienetiltak framover og alle som får luftvegssymptom må framleis halde seg heime. Norge opnar gradvis opp att etter påske:

Barnehagane vil opne opp 20.04.20

1.-4. klasse samt SFO vil opne opp 27.04.20

Det blir utarbeidd ein bransjestandard for smittevern som alle barnehagar og skular må innrette seg etter slik at det skal vere trygt å sende barna dit.

Psykolog, fysioterapeut, kiropraktor og liknande "ein-ein-behandling" vil opne opp 20.04.20.

Frisør, massasje, hudpleie og liknande vil opne opp 27.04.20.

Overnatting på fritidsbustad i anna kommune vil bli mogleg frå 20.04.20, men det blir understreka at det framleis er råd om å ikkje foreta unødvendige fritidsreiser.

Alle kultur- og idrettsarrangement er avlyst fram til 15.06.20.

Det blir framleis oppfordra til heimekontor for dei som kan ha det.

Det vil kome meir informasjon rett over påske.

Med dette ønskjer vi alle innbyggjarane i Vågå kommune riktig god påske.