Orientering covid-19 og vaksineringsstatus pr. 22.07.21

Pr. i dag er det ingen positive tester og ingen i karantene her i Vågå.

Vi har samarbeid med Sel om testing og koronatelefon, sjå tidlegare informasjon. Dette samarbeidet vil fortsette utover sommeren.

Vaksinasjonsplan og -status:

 

 

 

 

 

 

 

 

Antal doser satt totalt

2 955

Tal personar med minst 1 dose

1 759

Tal fullvaksinerte

1 196

Plan for vaksinasjon denne veke

Ingen vaksinasjon

Prioritet på vaksine denne veke (gruppe)

Ingen vaksinasjon

Plan for vaksinasjon  veke 30

Ca. 700 doser. Vi kaller nå inn personer i  trinn 9 (45-55år) og gruppe 10 (18-24 år og 40-44 år) 

 

Antall vaksinedoser vi får veit vi ikkje før ei veke før. Døkk som får tilbod om vaksine vil  få ein sms med timeavtale til vaksinering. Hugs å ringe helsesenteret (tlf. 61293700) om timen slett ikkje passer. Alle må tilstrebe så langt som råd å ta imot tidspunkt til vaksineringa dei har fått. Dersom du er sjuk hugs å gje oss beskjed om dette.  Ferie er ikkje god nok grunn til å utsette vaksineringa. Da vil du kome lenger bak i køen. Dette er veldig viktig for at vi skal få brukt alle vaksinene etter oppsatt plan.

Det er 12 ukers intervall mellom 1. og 2. dose.  For personar i risikogruppa er intervallet mellom 1. og 2. dose 6 veker.

Er du ungdom og skal studere i utlandet treng du kanskje å bli fullvaksinert før studiet starter. Nokre land krev dette. Ta kontakt med helsesenteret.

Koronavaksinasjonen vil foregå i Vågåhallen, onsdager.

I forkant av vaksinasjonen skal du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. På Vågå kommune si heimeside ligg det ein link til dette skjemaet. Fint om du har dette med deg ferdig utfyllt.

Treng du bistand til å fylle ut skjema eller treng du skyss til vaksinasjonsstedet så meld frå om dette.

Navn på vaksinen: Pfizer/Comirnaty.

Er du født i 1981 eller tidlegare eller i tidsrommet 2003-1997 og ikkje har motteke innkalling eller tilbod om vaksinering så gje oss beskjed. Da vil du bli prioritert for vaksine.

Sjå link ang. Prioriteringsrekkefølga frå fhi.no:

https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

Hugs at alle vil bli kontakta for vaksinering når det er din tur. Du treng ikkje ringe for å høre når du får vaksine, vi ringer deg eller sender deg sms. Så er du i gruppa 9 (45-54 år) eller gruppe 10 ( 18-24 år og 40-44 år) følg med på telefonen din.

Info ang.  koronasertifikat:

Koronasertifikatet skal bidra til ei gjenopning av samfunnet. Løsning for sertifikatet vil  utviklast trinnvis.

Du kan lese meir om koronasertifikatet her: https://www.helsenorge.no/koronasertifikat/