Orientering covid-19 og vaksineringsstatus pr. 12.08.2021

Hugs at pandemien ikkje er over. Det er fortsatt viktig med grunnleggjande smitteverntiltak. Hald avstand og vask hender. Hald deg heime om du er sjuk. Test bestiller du ved å ringe koronatelefonen.

Det er ingen positive tester og ingen i karantene pr. i dag.
Vi har samarbeid med Sel om testing og koronatelefon. Dette samarbeidet vil fortsette framover.

Vaksinasjonsplan/-status:

Antal doser satt totalt

4041

Tal personar med minst 1 dose

2552 (88% av befolkningen 18 år og eldre)

Tal fullvaksinerte

1489

Plan for vaksinasjon denne veke

Resterande personar over 18 år + 2.doser

Plan for vaksinasjon i veke 33

Ingen vaksinasjon

Plan for vaksinasjon i veke 34

Personar som ikkje har fått 1. dose og eventuell framskynding av 2. doser.

 

Antall vaksinedoser vi får veit vi ikkje før ei veke før. Døkk som får tilbod om vaksine vil  få ein sms med timeavtale til vaksinering. Vi opplev at nokon ikkje varslar om at dei ikkje kan/vil motta vaksine til oppsett tid. Vær venleg å gje beskjed til helsesenteret (tlf. 61293700) om dykk ikkje ynskjer vaksinen på den oppsatte tida. Alle må tilstrebe så langt som råd å ta imot tidspunkt til vaksineringa dei har fått. Dersom du er sjuk hugs å gje oss beskjed om dette.  Dette er veldig viktig for at vi skal få brukt alle vaksinene etter oppsatt plan.

Det er satt opp 12 ukers intervall mellom 1. og 2. dose, men det kan vera aktuelt å forkorte dette intervallet om det kjem tilstrekkeleg med doser framover.  For personar i risikogruppa er intervallet mellom 1. og 2. dose 6 veker.

Koronavaksinasjonen vil foregå i Vågåhallen, onsdager.

I forkant av vaksinasjonen skal du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. På Vågå kommune si heimeside ligg det ein link til dette skjemaet. Fint om du har dette med deg ferdig utfylt.

Treng du bistand til å fylle ut skjema eller treng du skyss til vaksinasjonsstedet så meld frå om dette.

Navn på vaksinen: Pfizer/Comirnaty.

Bur du i Vågå kommune og ikkje har motteke innkalling eller tilbod om vaksinering så gje oss beskjed!

Sjå link ang. Prioriteringsrekkefølga frå fhi.no:

https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

Har du fastlege i anna kommune, ta kontakt med oss for å få time til vaksinering om du ikkje har fått innkalling.

Hugs at alle vil bli kontakta for vaksinering når det er din tur. Du treng ikkje ringe for å høre når du får vaksine, vi ringer deg eller sender deg sms.

Info ang.  koronasertifikat:

Koronasertifikatet skal bidra til ei gjenopning av samfunnet. Løsning for sertifikatet vil  utviklast trinnvis.

Du kan lese meir om koronasertifikatet her: https://www.helsenorge.no/koronasertifikat/