Mistanke om smitteutbrot i Sel

Sel kommune melder i kveld at det er 146 som er sett i karantene i Sel, etter mistanke om eit smitteutbrot. Bakgrunnen er klinisk mistanke og positive hurtigtestar, melder Sel kommune på si heimeside.

Vågå kommune held seg løpande orientert om utviklinga både i nærområdet og landet elles. Gitt situasjonen ber vi om forståing for at det kan bli aktuelt å sette inn strengare tiltak også i Vågå på stutt varsel. Dette vil det i tilfelle bli gitt tydeleg informasjon om.

Vågå har pr i dag ingen med påvist smitte, og det er difor ikkje innført nye tiltak, men vi viser til dei tiltaka som er gjeldande:

  • Unødvendig reising og møteverksemd bør haldast på eit minimum 
  • Restriksjonar på besøk ved institusjonane
  • Redusere sosial omgang, og unngå meir enn 5 besøkjande i heimen
  • Gult nivå i skule og barnehage
  • Barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar
  • Skjenking av alkohol er tillate ved matservering


For å unngå smittespreiing, er det framleis viktig at alle følgjer dei gjeldande smittevernreglane:

God hand- og hostehygiene
Hald 1 meter avstand til andre enn dei du bor med. Unngå fysisk kontakt som handhelsing og klemming
Får du symptom på luftveisinfeksjon, må du holde deg heime og du bør ta ein koronatest