Koronatesting i løpet av påskaFor å ha eit tilbod om koronatesting i påska, har kommunane i Nord-Gudbrandsdal organisert ei felles vaktordning. Det inneber at dei enkelte kommunane er ansvarlege for både bemanning av koronatelefon og gjenomføring av testing kvar sin dag. Får du mistanke om at du kan vere smitta i løpet av påska og ønskjer test, så ringer du koronatelefonen til kommunen som er ansvarleg for testing den aktuelle datoen. Kontaktinformasjon, klokkeslett og kvar du skal ringe dei ulike dagane finn du i informasjonen under. Telefonlinene er opne for å bestille test frå kl 10.00 til 11.30. Testing vil gå føre seg frå kl 11.30 til 14.00. Koronatesting i påska 2021Koronatesting i påska 2021DatoTidStadTelefonTorsdag 1. april10.00 - 14.00Lesja90 82 75 20Fredag 2. april10.00 - 14.00Lom48 16 55 19Laurdag 3. april10.00 - 14.00Dovre61 24 22 00Søndag 4. april10.00 - 14.00Vågå95 25 39 90Måndag 5. april10.00 - 14.00Skjåk90 98 94 36 Publisert av Roar Strand Sist endret 23.03.2021 12.43