Koronaoppdatering 23.12.2021

 Vågå har 4 nye smitta onsdag 22.12, og totalt 9 i isolasjon.

Vi minnar om drop-in massevaksinasjon i Vågåhallen torsdag 06.01.2022, frå kl 14.00-17.00. Husk at intervallet mellom 2 og 3 dose skal vera minst 4,5 mnd. Elles vil det og vera mogleg for dei som ikkje har fått 1 eller 2 dose å møte opp.

Er du i tvil om eigen vaksinasjonsdato for tidlegare vaksine kan du finne denne ved at du logger deg inn på helsenorge.no