Koronakompensasjon for lokalt næringsliv

Vågå kommune lyser ut kommunal kompensasjonsordning - Ventilordninga - til lokale verksemder som er ramma av koronasituasjonen.

Basert på folketal, registrert arbeidslause og næringsstruktur, har Vågå kommune fått tildelt kr 773.000,- til kompensasjonsordning.

Målet med ordninga er å sette kommunen i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smittverntiltak. Vågå kommune har friheit til å tilpasse kva for verksemder som blir støtta, avhengig av den lokale situasjonen knytt til nedstenging og tapt omsetning.

Ordninga gjeld for bedrifter med forretningsadresse i Vågå kommune og skal avhjelpe dei verksemder som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Det er og opna i ordninga for å nytte midlane til felles tiltak innafor reiselivet.

Stønad kan difor bli gitt til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunner fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.

Følgjande kan støttast:

  • Kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging knytt til Covid-19 som
    • Smittevernutstyr/fordyrande tiltak
    • Dokumentert inntektstap som følge av smitteverntiltak og nedstenging
  • Stønad til tiltak som bidreg til aktivitet og auka omsetning
  • Fellestiltak innafor reiselivet

Aktuelle fellestiltak kan være:

  • Ringverknadsanalyse
  • Midlar til rydding og merking av stignett
  • Utvikling/trykking av kart
  • Infrastruktur

Søknadsfristen er 07. mai 2021, og søknaden må sendast via regionalforvaltning.no.

Meir informasjon om søknadsprosess, kriteria og tildeling finst i utlysinga på regionalforvaltning. Ta gjerne kontakt med næringskoordinator Live Brimi på epost eller telefon i forkant av innsending av søknaden.

Kontakt

Live Brimi
Næringssjef
Mobil 990 28 322