Informasjon om krisepakken til idrett, kultur og friviljuge

14. april kan friviljuge lag og organisasjonar søkje om kompensasjon for korona-avlyste, utsette eller stengte arrangement.

Over heile Norge har ei rad arrangement innan idrett, kultur og friviljuge vorte utsett, stengt eller avlyst. Krisepakka, ei stor kompensasjonsordning på ein milliard kroner, er meint for å avhjelpe situasjonen.

Nå er mykje klart for at aktørar som kjem inn under ordninga kan søkje om kompensasjon for bortfall av inntekter fra billettsalg og deltakeravgift, samt meirutgifter som følgje av at arrangement må avlysast eller utsettjast på grunn av koronaviruset.

Det blir opna for søknadar 14. april, og det ligg mykje god informasjon, veiledning og spørsmål og svar på nettsidane til Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådet, som forvaltar dei to ordningane.  Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som retter seg mot idrett og friviljuge (inkludert kulturfriviljuge). Kulturrådet har den delen som rettar seg mot kulturlivet.

Les meir om disse ordningane på nettsidane www.lottstift.no og www.kulturradet.no.