Covid-situasjonen i Vågå, 6.4.21

Det er pr i dag ingen med påvist smitte eller i karantene i Vågå.

Totalt er det no 795 personar i Vågå som har fått vaksine, og av desse er 248 ferdig vaksinert med to doser. Det er framleis aldersgruppa 75-84 år som blir vaksinert.

Det er Comirnaty/Pfizer-vaksina som blir gitt om dagen. AstraZeneca er framleis sett på vent.

Vaksinasjon denne veka (veke 14):

Vi får totalt 102 doser. 41 doser går til andre dose på dei som har fått si fyrste. Resterande 61 doser går til 1. gongs vaksinasjon av personar i aldersgruppa 75-84 år. Personar fødd i 1944-45 vil bli kontakta. I tillegg kjem også nokre i andre aldersgrupper med underliggande sjukdom.

Vaksinasjon neste veke (veke 15):

Vi får totalt 114 doser, der 56 vil gå til 2. dose på dei som har fått si fyrste.

Skjema for utfylling før vaksinasjon

Alle som står for tur til å få vaksine blir oppringt. Du treng difor ikkje ringe for å spørje om når du får vaksine.

Treng du bistand til å fylle ut skjema, eller treng du skyss til kulturhuset (der vaksineringa skjer), så meld frå om dette når vi ringer til deg for å tilby vaksine.

NB! Blir du oppringt frå Vågå helsesenter eller mobilnr 95 25 39 90, så ber vi om at du tek telefonen, slik at vi blir så effektive som råd i å fordele vaksiner.