Covid-situasjonen i Vågå, 28.4.21

Vi har i dag testa mange, i samband med utbrotet knytt til Cirkle K på Otta i helga. Totalt er det tatt 23 prøver i dag.

Alle 6 prøver frå i går er negative. Dette inneber at vi pr i dag har 1 person i isolasjon, og 6 personar i karantene.

Vi gjer samstundes merksam på at det er anbefalt å avgrense talet på nærkontakter, samt avgrense sosial kontakt over kommunegrensene.

Vaksinering

Koronavaksinasjon skjer på kulturhuset onsdagar, evt torsdagar.

I forkant av vaksinasjonen skal du fylle ut eit eigenerklæringsskjema

Treng du bistand til å fylle ut skjema, eller treng du skyss til vaksinasjonsstaden, så sei frå om det når du blir oppringt med tilbod om vaksine.

Alle som får tilbod om vaksine blir oppringt. Det er difor ikkje naudsynt at du ringer for å sjekke når du får vaksine. Blir du oppringt av helsesenteret eller frå telefonnummer 95 25 39 90, ber vi om at du tek telefonen. Vi opplev at ein del ikkje svarer, og det medfører ein del ekstra arbeid for oss.

Vi held for tida på med vaksinering av aldersgruppa 65-74 år, samt personar med underliggande sjukdommar i andre aldersgrupper og nokre få med samfunnskritiske jobbar.

Det er vaksina frå Pfizer/Comirnaty som blir sett om dagen.

Intervallet mellom dose 1 og dose 2 er no sett til 6 veker etter anbefaling frå Folkehelseinstituttet.

AstraZeneca

Det er FHI si anbefaling at dei som har fått 1. dose med AstraZeneca får tilbod om ei anna koronavaksine som dose 2. Dato du har fått oppgitt for dose 2 står ved lag, og du kan møte opp på kulturhuset til den dagen.