Covid-situasjonen i Vågå 21.05.21

I vågå er det pr. nå ingen smitta/ i isolasjon eller i karantene.

Vi har hatt samarbeid med Sel denne veka med testing og koronatelefon.

Regjeringen gjennomførte pressekonferanse i dag og vil gå til trinn 2 i gjenopningsplan neste veke, den 27.05.21. Sjekk endringane her.

Vaksineringsstatus:

Antal doser satt totalt

1611 doser

Tal personar med minst 1 dose

1047

Tal fullvaksinerte

564

Plan for vaksinasjon denne veke

Comirnaty/Pfizer: Totalt 102 doser.

 

I følge  prioriteringslista frå FHI er vi på trinn 4.  Alder 65-74 år. Samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp i listen over risikogrupper.  Ein liten prosent helsepersonell/ samfunnskritiske jobber.
Personar født i 1951/52/53 står for tur i trinn 4

Prioritet på vaksine denne veke (gruppe)

Tilbyr vaksine til personar i aldersgruppa 65-74 år. Trinn 4 i prioriteringslista frå FHI.  Dei eldste blir prioritert fyrst.

Plan for vaksinasjon neste veke

Vi er i avslutningsfasen av trinn 4. Det vil si at vi snart er ferdige med gruppa 65-74 år. Samtidig blir personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp i listen over risikogrupper prioritert.

77 stk.  skal ha si 2. dose etter AstraZeneca. Dei får tilbod om Pfeizer vaksine som 2. dose.

Vi får totalt 198 doser.

 

 

Koronavaksinasjonen vil foregå på Kulturhuset onsdagar, event. torsdagar.

I forkant av vaksinasjonen skal du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. På Vågå kommune si heimeside ligg det ein link til dette skjemaet.

Treng du bistand til å fylle ut skjema eller treng du skyss til vaksinasjonsstedet så meld frå om dette når vi ringer deg.

Navn på vaksina: Pfizer/Comirnaty.

Vi vaksinerer i aldersgruppa 65-74 år. Er det nokon som ikkje har fått tilbod om vaksine som er 68 år eller eldre så gje oss beskjed. Det er  6 veker mellom 1. og 2. dose.

Vi ringer rundt til alle, men mange tek ikkje telefonen.  Dette krev ekstra mykje arbeid for oss. Blir du oppringt frå helsesenteret eller 95 25 39 90, så vær  vennleg å ta telefonen.

Hugs at alle vil bli kontakta for vaksinering når det er din tur. Du treng ikkje ringe for å høre når du får vaksine, vi ringer deg.