Covid-situasjonen i Vågå, 18.01.21

Vågå har pr i dag ingen i isolasjon, men ein i karantene.

Regjeringa har på si pressekonferanse i dag lempa på nokre av dei nasjonale retningslinene frå og med onsdag 20. januar. Vågå har heile vegen fulgt dei nasjonale retningslinene, og dei er såleis også gjeldande her.

Dei viktigaste endringane er:

Vi må framleis avgrense sosial kontakt, men vi kan ha besøk av inntil 5 personar om gongen om vi kan halde avstand på 1 meter.

Jamfør nye nasjonale retningslinjer for besøk i private heimar, er desse også gjeldande for våre bufellesskap og Vågåheimen. For å halde dette under kontroll vil det fortsatt vere naudsynt å avtale besøk på Vågåheimen direkte på telefon.

Ungdomsskulen går over til drift etter "gult nivå", klikk lenke for nærare informasjon.

Kulturskulen kan starte opp att med gruppeundervisning.

Ungar under 20 år kan igjen trene og delta på lokale fritidsaktiviteter og kan bli unnateke for regelen om "ein meters avstand". Det er ikkje opna opp for å spele kamper, cupar o.l. 

Det blir ikkje opna opp for fritidsaktivitetar for vaksne over 20 år enno. 

Biblioteket held ope som vanleg, men med smittevernrestriksjonar.

Vi understreker at vi ikkje kan slappe av førebels, men halde fram med å ta ansvar for å unngå å bli smitta og unngå å smitte andre.