Covid-situasjonen i Vågå, 17.3.21

Det er pr 17.3.21 ingen med påvist smitte og heller ingen i karantene i Vågå.

Totalt er det 693 personar som no er vaksinerte, og av desse er 218 fullvaksinerte.

Plan for vaksinasjon denne veka (veke 11):

Pfizer: 

  • 40 personar får 1. dose
  • 2 personar får 2. dose

Plan for vaksinasjon neste veke (veke 12):

Comirnaty/Pfizer - her får vi totalt 72 doser

16 doser går til 2. gongs vaksinasjon, resterande 56 doser går til 1. gongs dose. Det er framleis aldersgruppa 75-84 år som blir vaksinert.

 

Koronavaksinasjonen vil foregå på Kulturhuset onsdagar.

Skjema som skal fyllast ut før vaksinering

Treng du bistand til å fylle ut skjema eller treng du skyss til vaksinasjonsstedet så meld frå om dette når vi ringer deg.

Navn på vaksina: Pfizer/Comirnaty.

Vi får ikkje AstraZeneca vaksine.

I aldersgruppa 75-84 år er vi nå ferdig med 1. dose til dei som er født i 1937, 1938 og 1939. Er det nokon som ikkje har fått tilbod om vaksine som er født desse årstala så gje oss beskjed. Personar som er født i 1940/41 vil bli kontakta for vaksinasjon i neste veke.

 

Det er endring i vaksinestrategien: Folkehelseinstituttet starter nå med å gje fleire vaskinedoser til spesielt smitteutsatte områder. Dette pga spredning av at ein ny og meir smittsam variant av viruset er kome.  Det må difor takast grep for  å hindre at nye smittsame virusvarianter ikkje skal slå uheldig ut i dei mest befolkningstette områdene. Dette betyr at Vågå kommune vil få færre vaksiner.

Du vil bli kontakta pr. telefon.  Vågå kommune skulle gjerne sett at vi hadde fått fleire vaksiner om gongen. Pga at vi ikkje gjer det, vil det ikkje gå så fort.

Hugs at alle vil bli kontakta for vaksinering når det er din tur. Du treng ikkje ringe for å høre når du får vaksine, vi ringer deg.

Det vil også bli vaksinasjon i påskeveka. Nærare beskjed kjem.