Covid-situasjonen i Vågå, 15.4.21

Vi har fått svar på 25 av dei 35 prøvene som vart tatt i går, og av desse var det ingen nye positive. Vi venter framleis på svar på dei siste 10 prøvene frå i går. I dag er det tatt ytterlegare 35 prøver.

Totalt er det no 1 person med påvist smitte i Vågå, og det er 31 personar som er i karantene.

4. steg og 9. steg i skulane er også i morgon, fredag 16. april, i ventekarantene.

Elles har vaksineringa gått som planlagt i dag, og det er sett 114 doser fordelt ca 50/50 på 1. og 2. dose. Det er årsgruppa 1946 som no blir vaksinert, samt personar med underliggande sjukdommer i andre aldersgrupper.

 

Er du testa for covid-19, kan du sjølv logge deg på www.helsenorge.no/provesvar/ og sjekke resultatet på di prøve.