Covid-situasjonen i Vågå, 15.3.21

I Vågå er det pr i dag ingen med påvist smitte, og det er ingen som er i karantene.

Sidan utbrotet har vi hittil teke ca. 1160 covid-19 testar i Vågå.

Det er pr d.d. framleis stopp i leveranse av AstraZeneca si vaksine, og det blir framleis jobba med å finne ut om det er nokon samanheng mellom AstraZeneca vaksinasjon og blodpropp.

Vanlege symptom/bivirkning etter AstraZeneca vaksinasjon

Dei fleste får minst ein av følgjande bivirkning dei fyrste dagane etter vaksinasjon:

  • Øm eller smerte på stikkstaden
  • Hodepine
  • Trøtt
  • Muskel- og leddsmerter
  • Kvalme eller uvel
  • Feber og frysningar

Dei fleste tåler desse forbigåande bivirkningane godt, mens andre opplev betydelege plager eit par dagar etter vaksinering. Bivirkningane er ofte mildare og sjeldnare etter andre dose enn fyrste dose.

Eldre får ofte mildare bivirkningar enn yngre.

Vanlege bivirkningar etter vaksinasjon kan opplevast ubehageleg. Det er ikkje uvanleg å føle seg så sjuk at ein må vere heime frå jobb eit par dagar etter vaksinasjon.

Det er ikkje nødvendig å melde frå om forbigåande og vanlege bivirkningar som er kjent fra før. Men om du opplev uventa, kraftige eller langvarige symptom (utover 3 dagar etter du har fått vaksina) som du trur skuldast vaksina, bør du kontakte lege for vurdering og råd.

 

Konsekvensen av at det blir midlertidig stopp i leveranse av vaksine vil bety at det tek lengre tid å vaksinere befolkningen.