Covid-situasjonen i Vågå 14.04.21

Vågå har ingen smitta pr. nå men følgjer situasjonen tett. Endringar kan skje fort.

Det er påvist smitte i nabokommune av den britisk-muterte varianten av Covid. Den er meir smittsam og det er viktigare enn nokon gong at alle følgjer gjeldande smittevernråd:

Ha god hand- og hostehygiene

Hald 2 meter avstand til andre enn eigen husstand

Ha få nærkontaktar

Test deg ved mistanke om smitte

Hugs bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å halde avstand

 

Regjeringen vil starte første trinn i plan for gjenopning og nye nasjonale tiltak vil gjelde frå og med fredag 16. april. Les meir her.

Vågå vil følgje dei nasjonale retningslinene så sant ikkje smittesituasjonen endrar seg.