Covid-situasjonen i Vågå, 12.3.21

I Vågå er det pr i dag ingen med påvist smitte, og det er ingen som er i karantene.

Totalt er det no 652 personar som har fått vaksine og av desse er det 216 som er fullvaksinerte (to doser).

Skjema som skal fyllast ut før covid-vaksinering

Treng du bistand til å fylle ut skjema eller treng du skyss til vaksinasjonsstaden, så meld frå om dette når du blir oppringt med tilbod om vaksine.

Koronavaksineringa vil skje på kulturhuset.

 

Vaksinasjonsplanen denne veka (veke 10):

Pfizer vaksine: 28 personar fekk 2. dose. 14 personar i aldersgruppa 75-84 år fekk 1. dose.

Astra Zeneca: Vaksina var ikkje godkjent for personar over 65 år. Gruppa som vart vaksinert er helsepersonell og personar under 65 år.

Vaksinasjonsplan neste veke (veke 11):

Comirnaty/Pfizer: 2 doser går til 2. vaksinasjon. Resterande 40 doser går til aldersgruppa 75-84 år og personar med underliggande sjukdomar.

Astra Zeneca: Denne vaksinasjonen er sett på vent og vi får ikkje denne vaksina neste veke.

 

Det er skjedd ei endring i vaksinestrategien frå FHI

Folkehelseinstituttet (FHI) gir no fleire vaskinedoser til spesielt smitteutsette område. Dette pga spredning av ein ny og meir smittsam variant av viruset. Det må takast grep for å hindre at nye, smittsame virusvarianter ikkje skal slå uheldig ut i dei mest folketette områda. Dette inneber at Vågå kommune vil få færre vaksiner.

Vi har vaksinert alle på Vågåheimen, gruppa 85+, ulike aldersgrupper som har underliggande sjukdomar og helsepersonell. Aldersgruppa 75-84 år er dei som står for tur for å få innkalling til vaksinasjon i Vågå. Du vil bli kontakta på telefon. 

Vågå kommune skulle gjerne sett at vi hadde fått fleire vaksiner om gongen. Då vi ikkje gjer det, vil det ikkje gå så fort med vaksinering som vi kunne ønskt. 

Hugs at alle vil bli kontakta for vaksinering når det er din tur. Du treng ikkje ringe for å høre når du får vaksine, vi ringer deg.