Covid-situasjon i Vågå 23.12.20

Kriseleiinga i Vågå kommune har hatt eit møte no, onsdag ettermiddag. Det er påvist ytterlegare to smitta sidan i går. Desse har kjend smitteveg og er sett i isolasjon.  

Vågå har nå 15 i isolasjon og 63 i karantene.

Det er viktig at alle forstår kva det inneber å sitte i isolasjon og karantene. Vi ber dykk om å lese Karantene og isolasjon - Fhi og ta kontakt med koronatelefon dersom du er usikker:

Vi presiserer at karantenereglane også gjeld etter ein negativ test.

Situasjon i Norge er ustabil og det er ei auke i melde smittetilfelle totalt sett. Regjeringa vurderer strengare restriksjonar inn mot nyttårshelga dersom smitteutbrotet aukar.

Vi gjentek FHI sine råd til alle i befolkninga:

  • Husk god hand- og hostehygiene.  
  • Hald 1 meter avstand til andre enn dei du bur med. Unngå fysisk kontakt, inkludert handhelsing og klemming.      
  • Risikoen for smitte er høgare innandørs enn utandørs, særleg i små og dårleg ventilerte rom.
  • Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, må du halde deg heime og du bør ta ein test.
  • Hald minst to meters avstand når du skal vere ekstra forsiktig, til dømes er i kontakt med personar i risikogrupper og når det er mykje smitte i samfunnet.

Definisjon på nærkontakt:

  • Dykk har vore nærmare enn 2 meter i meir enn 15 minutt eller teke på kvarandre.
  • Gjeld dersom man har vore i samen med ein som er bekrefta smitta mindre enn 48 timar før den smitta fekk dei første symptoma.

 

Vi ber om at alle held god avstand sjølv i julehøgtida, men elles tek godt vare på kvarandre. Vi ønskjer alle ei god julefeiring!