Covid-oppdatering 2.2.22

Vågå kommune har gjennom pandemien følgt nasjonale retningsliner, og vel å gjere det vidare. Regjeringa la fram nye nasjonale råd som er gjeldande frå kl 23.00 1. februar. Hovudbodskapen er at samfunnet i det aller meste skal attende til normalen.

Med tilnærma full gjenopning av samfunnet vil det vere noko usikkerheit på smittetala, og Vågå kommune vil difor ikkje oppdatere løpande på smittetalet. Vi kjem attende med oppdatering om vi ser utvikling i smittesituasjonen som tilseier at det er nødvendig. 

Vågå kommune følgjer  utviklinga nøye, og det som blir svært viktig er at alle som får positiv sjølvtest registrerer dette. Med bakgrunn i eigenregistreringa vil vi følgje med på utviklinga for evt å sette inn lokalt tilpassa tiltak.

Det ligg og eit større ansvar på den einskilde, ved at vi alle varslar nærkontakter om vi får påvist smitte. Isolasjonstida ved påvist smitte er no 4 dagar.

Det er framleis anbefalt å halde 1 meter avstand til andre enn husstandsmedlemmar og andre nære. Det er framleis påbod om munnbind om 1-meterregelen ikkje er mogleg å halde, med nokre unnatak.

Alle aktivitetar innan idrett og kultur kan gå attende til normal drift. Det er heller ikkje lenger avgrensingar på antall på arrangement.

Alle gjeldande nasjonale råd kan du lese her

 

Vaksinestatus i Vågå

I Vågå har godt over 90% tatt 1. og 2. dose av covid-vaksine. Vi manglar framleis ca 150 personar over 44 år for å komme over 90% dekning for dose 3.

Det blir ikkje lagt opp til faste vaksinetidspunkt etter dette, men vi oppmodar dei som ønskjer å ta vaksine om å kontakte koronatelefonen (95 25 39 90) for å avtale tid.