Covid-oppdatering 01.12.21

Smittesituasjonen i Vågå er framleis noko uavklart, og vi har fått 4 nye  positive tilfeller i dag.

Det har i dag vore gjennomført ei stor mengde med testing av personar i Vågå. Vi oppfordrar framleis  dei som har delteke på sosiale arrangement i Vågå siste veka til å ta ein koronatest. Dette blir gjort med sjølvtest som kan hentast på helsesenteret i opningstida, eller kjøpast på apotek (utseld i Vågå pt). Om ein får ein positiv sjølvtest må denne følgast opp med PCR test på helsesenteret så fort det let seg gjera.

Kriseleiinga i Vågå har daglege drøftingar kring situasjonen og vi følger nasjonale retningsliner utan ytterlegare nedstegningar pr i dag. Vi ber folk om å vise omsyn og halde seg heime om dei er sjuke.

Det var stor oppslutnad kring massevaksinasjonen i dag og vi opplevde difor å gå tomme for vaksinedosar. Vågå kjem til å foreta fleir massevaksinasjonar før jul og kjem attende med dato.