Pr. nå kjenner vi til at nokon av dei smitta har vore på følgjande arrangement og vi oppfordrar andre som deltok her om å testa seg:
23.11.21: Vågå hotell; arrangement for Hørselshemma og for Fagforbundet
27.-28.11.21: Fotoutstilling og julemarknad i Ullinsvin
Alle som har vore på andre større arrangement i løpet av helga bør også teste seg.
Vi ber om at innbyggjarane er fornuftige og følgjer smittevernråda framover. Målet er å avgrensa vidare smittespreiing inn mot julehøgtida.
Du kan hente sjølvtest på helsesenteret. Du er ikkje i karantene dersom du får negativt svar på hurtigtest og du ikkje har symptom, men vær likevel varsam.
Vi blir anbefalt å bruke munnbind i nærkontakt med helse- og omsorgstenester, i kollektiv trafikken, butikkar, taxi og i alle situasjonar der du ikkje kan halde nødvendig avstand.
Vågå kommune oppfordrar alle til å vaksinere seg!