Covid-19 situasjonen og vaksineringsstatus pr. 03.06.21

Vågå har ingen positive tester og ingen i karantene.

Vågå samarbeider med Sel om testing og koronatelefon  i veke 22 og veke 23. Det betyr at Vågå har beredskapen for båe kommunane på alle kvardagar i veke 22 og 23. Koronatelefonen 95 25 39 90 vil vera betjent mellom kl 09.00-15.00, og testing vil foregå mellom 09.30-13.00. Testing foregår etter avtale med koronatelefonen.

Vi fekk totalt 276 doser Pfeizer vaksine denne veka.

176 doser til 1. dose

88 doser til 2. dose.

12 personar kom ikkje på avalt tid. Vi har att 2 hetteglas =  12 doser.

Vi er nå ferdig med planlagt fullvaksinering av dei som fekk si 1. dose med AstraZeneca. Alle som har fått 1. dose AstraZeneca vaksine har fått tilbod om vidare vaksinering med mRNA-vaksine, dei vil få BioNtech-Pfizer vaksine.  Det er den vaksinen vi har brukt heile tida,  men unntak av 187 vaksinedoser AstraZeneca. Vi har god erfaring med Pfizer vaksinen både lokalt og nasjonalt.  

Dei personane dette gjeld skal ha fått eller vil få  ein sms ang. dette. Ynskjer du ikkje dose nr. 2 etter AstraZeneca vaksine må du ta kontakt med helsesenteret.  Har du ikkje fått sms ta kontakt. Viktig at du varsler oss, slik at vi får gjeve vaksina til nokon anna. Det er kort haldbarheit på vaksina etter at ho er utblanda. Derfor viktig at du seier frå om du ikkje vil ha vaksine.

Viktig informasjon til alle som har fått AstraZeneca vaksine, sjå link nedanfor.

Informasjonsbrev til FHIs samarbeidspartnere .pdf

Til deg som har fått første dose av AstraZeneca.pdf

Vaksineringsstatus:

Antal doser satt totalt

2 067 doser

Tal personar med minst 1 dose

1354

Tal fullvaksinerte

713

Plan for vaksinasjon denne veke

Comirnaty/Pfizer: Totalt 276 doser.

 

I følge  prioriteringslista frå FHI er vi på trinn 5. Alder 55-64 år. Samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp i listen over risikogrupper.  Alle som har fått 1. dose AstraZeneca har nå fått tilbod om 2. dose av comirnaty/pfeizer vaksine.

Prioritet på vaksine denne veke (gruppe)

Tilbyr vaksine til personar i aldersgruppa 55-64 år Trinn 5 i prioriteringslista frå FHI.  Dei eldste blir prioritert fyrst, saman med dei med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp. Fullvaksinere alle som har fått 1. dose AstraZeneca.

Plan for vaksinasjon neste veke

Vi fortsett i trinn 5. Personar født i 1961 og yngre blir kontakta. Samtidig blir personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp i listen over risikogrupper prioritert.  Vi får 162 vaksiner. Dei fleste av desse går til 2. dose.

 

Koronavaksinasjonen vil foregå på Kulturhuset, event. Vågåhallen, onsdagar.

I forkant av vaksinasjonen skal du fylle ut eit eigenerklæringsskjema. På Vågå kommune si heimeside ligg det ein link til dette skjemaet.

Treng du bistand til å fylle ut skjema eller treng du skyss til vaksinasjonsstedet så meld frå om dette når vi ringer deg.

Navn på vaksina: Pfizer/Comirnaty.

Er det nokon som ikkje har fått tilbod om vaksine som er 60 år eller eldre så gje oss beskjed. Da vil du bli prioritert for vaksine.  Det er  6 veker mellom 1. og 2. dose i aldersgruppa 65 år og oppover.

I trinn 5, alder 55 – 64 år.  Personar mellom 18 og 64 år med sjukdom/tilstand med høg risiko for alvorleg forløp i listen over risikogrupper vil bli prioritert. 

Vi ringer rundt til alle, men mange tek ikkje telefonen.  Dette krev ekstra mykje arbeid for oss. Blir du oppringt frå helsesenteret eller 95 25 39 90, så vær  vennleg å ta telefonen.

Når vi starter vaksinering i trinn 5 vil det gå 12 veker mellom 1. og 2. dose.

Sjå link ang. Prioriteringsrekkefølga frå fhi.no:

https://www.fhi.no/sv/vaksine/koronavaksinasjonsprogrammet/hvem-kan-fa-koronavaksine/

Hugs at alle vil bli kontakta for vaksinering når det er din tur. Du treng ikkje ringe for å høre når du får vaksine, vi ringer deg.

Frå veke 28 har vi plan om å vaksinere annakvar veke. Vidare plan for dette kjem.