Covid-19 situasjonen i Vågå 12.11.21

Vågå kommune har to koronasmitta personar. Det er kjent smitteveg og kontroll på smitten.

Vi er godt i gang med vaksinering av 3. dose for sårbare grupper og personar over 65 år.

Regjeringen innfører nye nasjonale tiltak som gjer det mogleg for kommunane å tilpasse situasjonen ut frå lokal og/ eller regional smittesituasjon. Det er og innført skjerpa krav til uvaksinert helsepersonell, og det er opna for å leggje til rette for arrangement med krav om koronasertifikat.

Regjeringa varslar at det nå skal planleggast for 3 vaksinedose for alle over 18 år.

Vågå kommune vil koma attende med ein plan for dato for vaksinasjon av dei resterande personar i aldersgruppe 65+

Vågå kommune vil understreke viktigheita av å ta imot tilbod om vaksinering.