Covid-19 situasjonen 04.02.21

Det er ingen som er påvist smitta i Vågå pr. nå. Totalt er 11 personar i karantene som følgje av nærkontakt med personar i Sel. Desse blir følgd opp av helsesenteret. To er testa i Vågå i dag. 

Det er viktig at alle som blir sett i karantene følgjer reglane som er sett frå Folkehelseinstituttet og gjer det dei kan for å hindre vidare smitte.  

Kriseleiinga i Vågå er i løpande dialog med leiinga i Sel kommune.