Covid-19 situasjon i Vågå pr. 16.12.20

Vågå har fått to nye påviste smittetilfelle 15.12.20 og det er totalt tre smitta i kommunen. 11 er foreløpig i karantene og det blir gjennomført testar fortløpande.

Vågå kommune vil anbefale at innbyggjarane reduserer sosial kontakt til eit minimum nå inn mot jul (besøk hjå andre, kafèbesøk osb.).

Vidare må dei som er sjuke eller har symptom på sjukdom, halde seg heime. Har du symptom på Covid-19 bør du teste deg.   

Avstand og god handhygiene er framleis det viktigaste. Nytt munnbind dersom avstand ikkje kan oppretthaldast.