Covid-19 oppdatering 13.01.2022

Regjeringa informerte om endringar i tiltak på pressekonferanse nå i kveld. Sjå detaljane her:

Regjeringen letter på tiltakene

Fleire vaksinerte samt betre tilgang på sjølvtestar gjer at dei nå vil lette på tiltak.

Det er framleis viktig å avgrense sosial omgang sidan smitten aukar raskt og smittetoppen er framfor oss.

Det er viktig å unngå overbelastning av helse- og omsorgstenestene våre samt unngå eit for høgt sjukefråvær på arbeidsplassane.

Testing vil erstatte karantenereglane, i første omgang for "andre nærkontaktar" (ikkje husstandsmedlemmar og tilsvarande nære).

Det blir opna for lokalt strengare tiltak enn dei nasjonale der smittetrykket er høgt.

Dei nye reglane gjeld frå midnatt natt til fredag 14. januar. Endringane knytt til barnehagar, skuler og SFO gjeld frå midnatt natt til laurdag 15. januar. Tiltaka skal vurderast på nytt i starten av februar.