Covid-19 oppdatering 07.01.2022

Vågå kommune vil gje status på smittesituasjonen dersom vi opplev større endringar. Fram til anna informasjon blir gjeve må ein difor tolke dette som at smittesituasjonen i Vågå er oversiktleg med få smitta. Det er ikkje registrert nye smitta i Vågå kommune etter nyttår, men vi må likevel rekne med at det er smitte blant oss utan at kommunen kjenner til det.

Pr. i dag kan den enkelte sjølvteste seg for korona, men alle er anbefalt å følgje opp ein positiv test med en PCR-test på helsesenteret. Det er den enkelte som skal varsla sine nærkontaktar slik at dei går i karantene.

Vi ber innbyggjarane om å ta omsyn og følgje dei nasjonale retningslinjene og generelle smittevernråd.

Vågå kommune har fullt fokus på vaksinasjon og håper at flest mogleg av vagværene stiller til massevaksinasjon så fort dei er klare for dette. Det er planlagt to vaksinasjonar til i januar.

Den fyste er torsdag 13.01 kl. 14-17 og den siste massevaksinasjonen blir fredag 28.01 frå kl. 14-17. Vi er avhengig av at det kjem omlag 500 personar til kvar av desse vaksineringane for at vi skal kome i mål.

Viktig presisering:

Smittekarantene gjeld ikkje for personar som har teke oppfriskingsdose (3. dose) for minimum ei veke sidan. Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære til den smitta må i tillegg testa seg dagleg med sjølvtest eller annan kvar dag med PCR-test i sju døgn etter nærkontakten.