Covid-19 oppdatering 01.12.2021

Vågå kommune ber om at personar som har vore ute på sosiale aktivitetar i Vågå siste veka tester seg mot koronasmitte. Dette gjer kvar einkelt med ein sjølvtest.

Sjølvtestar kan kjøpast på apotek (pr no utseld ved apoteket i Vågå), eller ein kan hente seg sjølvtest på helsesenteret i helsesenterets opningstid. Er du sjuk eller har symptomer på koronasmitte må du få nokon til å hente ut testen for deg. Vidare testing på helsesenteret skjer dersom sjølvtesten er positiv, eller det er sterk mistanke om koronasmitte. Dette skjer også i helsesenterets opningstid.

Du har og moglegheit til å ha ein sjølvtest heime som du kan nytte om du føler behov for testing utanom helsesenterets eller apotekets opningstid.

Koronatelefonen i Vågå er bemanna i helsesenterets opningstid på telefon 95 25 39 90.

Vågå kommune følger dei nasjonale retningslinjane som kan lesast på regjeringen.no eller fhi.no